Ikkje Før Da
HJH.N. Jacobsens Bókahandil

Ikkje Før Da

399kr

Seinast kannað: 23. sep

Forlagið skrivar: Det er ikkje mykje poetisk med ein hjernesvulst. Dei bilderike skildringane i Oddfríður Marni Rasmussens roman om forfattaren Janus, som opplever kona Elsas kamp i ei sjukdomsutvikling utan håp, er likevel ikkje berre rå, men innimellom også overraskande lyriske. Romanen handlar om kjærleik, om fortviling, styrke og avmakt, og kanskje mest av alt om å miste kontroll. Svulsten bryt inn i Elsas medvit som ein mørk neve og reduserer samtalane deira til få ord og rim. Det er Rasmussens fine dobbeltgrep at skildringa av kjær­leiken og sjukdommen blir vove saman med Janus’ umiddelbare reaksjon og forsøk på å skildre utviklinga og den døyande ved å «skrive på det kvite, leite i det mørke», som forfattaren skriv i starten og slutten av romanen. Boka er omsett frå færøysk av Lars Moa. Forlag: Orkana 2021, 256 síður, nýnorskt